Heimesamling med SkiAngels

Ei drøy veke har godt sidan dei siste kreftene vart tyna ut av 9 sletne ski-englar og engle-vennar frå Ferista til Baklidammen sist mandag. Den sprintprega skøyteintervalløkta var den fjerde hardøkta på like mange dagar og markerte såleis slutten på hardkjøret for denne gongen.

vassfjellet
Det heile byrja den siste fredagen i den gamle månaden, fire langrennsløparar sugne på elghufs, samla seg tilslutt i to bilar og kjørte saman til Vassfjellet. Vegen til Vassfjellet er lang og enno lengre med underteikna bak rattet og med Ragnhild som vegvisar. Fram kom me. Rikke kjørte minibuss. Ho syntest kanskje det vart litt i drøyaste laget då Fiestaen framom ho gjorde ein u-sving. Vel framme i Vassfjellet gjekk økta som planlagt. Lorvik, som seglar fram som den store barmarkskometen denne hausten, viste seg nok ein gong som den sterkaste – kjekt for ho det.

På den andre økta rulla me avgarde på rulleski – nokon fort, nokon ikkje så fort og nokon ganske seint. På planen stod det restutisjonsøkt. Dagen etter var det testrenn. Det skulle visa seg at nokon hadde vore lurare enn andre når det gjalt å spara krefter...

Den tradisjonelle rulleskitesten Sverresborg-Skistua starta på slaget 10 den 29.september. Førehandsfavorittane var vake, men personleg heldt eg ein knapp på Kristin “suppe” Skei. Det gjorde ho truleg sjølv også. Tidleg viste ho kven som var sjefen og sette opp eit bra tempo allereie frå start. Ragnhild hadde også teke mål av seg til å vera ein vinnarkandidat, ho låg seg tett bak. Ingenting kan vara evig – heller ikkje utgangsfarten til Kristin. Vel halvvegs kom to blåkledde vestlendingar opp på sida hennar. Kva ho tenkte då er uvisst, ryktene seier at ho i denne augneblinken mista piffen og seinare også piggen. Ragnhild vart også teken litt på senga av dei blåkledde løparane. Ho klarte likevel å skjerpa seg såpass at ho til slutt kryssa mållinja som fyrste løpar. Tida var akseptabel. Viljar, Hordaland, Voss og Kyte sin trufaste strebar, Kjersti Bakketun, kunne innkassera ein klar andreplass. Engle-vennen Agnete Skrede kapra tredjeplassen, noko ho truleg var godt nøgd med det.

Seinare på dagen var slaget om Skistua historie for denne gongen. No skulle me ut å sykla. Restutisjon stod det på planen. Eg skulle personleg vera herførar. Turen gjekk frå Granåsen, ein runde i marka og så til Theisendammen. Der skulle ”Brå-testen” gjennomførast dagen etter. 10 løparar svoltne på suksess i ”Brå-testen” måtte vita kvar ferda skulle gå dagen etter. Økta litt i lengste laget. Vegen til Theisendammen var lengre enn nokon gong og snart hadde langvisaren på klokka gått to og ein halv runde. Marte Langen var likevel den som vart utsett for den største påkjennninga under økta. På veg mot Lian fekk ho sleng på sykkelen og sladda sidelengs nedover ein liten bakke. I same augneblinken kom det to elgar springande på tvers av stien – det vart med skrekken denne gongen!

“Brå-testen” vart gjennomført i fint haustver og 12 grader, 30.september. Føret i løypa var relativt bra, nokre pøyser her og der, men absolutt godkjent til å vera denne tida på året. Starten gjekk føre seg som enkelstart med 15 sekunds startintervall. 11 løparar gjennomførte løpet med vekslande hell. Marte redda æra til SkiAngels og viste lovande takter med eit fint løp og ein soldid pers - bra Marte! Elles var det moglegvis ein test som bar preg at løparane har vore gjennom eit hardt kjør dei siste dagane.

Ettermiddagsøkta vart gjennomført i gymnastikksalen på Dragvoll – ei skikkeleg motivasjonsøkt av det halvseriøse slaget. Innebandy – sirkeltrening – fotball. Kanon!!

dragvoll

Måndag morgon gjorde frøken Urdahl æra på resten av gjengen ved å avleggja eit besøk. Ho hadde vore heime å jobba i helga, men kunne forsikra oss om at ho hadde trent like hardt som oss. Økta vart gjennomført som skøyteintervall i par, med intervallstart og med høvesvis god pause mellom draga. Samlinga gjekk mot slutten og at gjengen hadde vore gjennom eit hard program kom heilt klart fra på denne økta. Den fyrste indikasjonen på dette fekk ein då Kjersti gjekk over ende på flat mark oppe ved Baklidammen. På det påfylgjande draget gjorde Marte det same, dei to løparane som hadde lagt i ryggen hennar, sakka ikkje på farten, men kjørte over stavane hennar med eit mål for auga – mållinja.

Nilsbyen er ein fin plass. Der er det fine løyper. Lysløypa er fin – resten av løypa er fin. Her gjekk den siste økta på samlinga føre seg. Ein løpetur. Restutisjon stod det på planen. Restutisjon vart det. Tolv spreke løparar møtte, kan nemna tre av dei, Ragnhild, Magnhild, Ragnhild...

Snitt løparar per økt – 10,6

Samlingas totale feilberekning – restutisjonsøkta på sykkel (eller kva Ragnhild?)

Samlingas nykommar – Magnhild Roe – vart teken imot med opne armar, gjennomførte alle øktene

Samlingas rising stars – Bakketun og Skrede – gjorde sakene sine bra på rulleskitesten

Samlingas Brink – Kristin SuppeSkei – sprakk som berre ein velfylt ballong kan gjera det på rulleskitesten

Samlingas engel – Ragnhild – møtte på alle øktene, redda æra til SkiAngels på rulleskitesten

Samlingas midtpunkt – Silje...

For SkiAngels
S.Kreken A.

Se bilder fra samlingen...


Hovedmeny


Spalter


Andre spesi saker

Copyright © 2007 SkiAngels
Epost: post@skiangels.net