Nytt liv på SkiAngels-siden?!

Jentene i SkiAngels har bestemt at vi skal prøve å holde liv i denne siden selv om ikke alle er så aktive på ski lengre...
Først og fremst kommer det til å skje noen endringer på denne siden, og etterhvert kommer det ut flere saker fra oss :-) I løpet av sommern bør vi ha siden oppe å gå igjen!
Lena :)
Nytt fotballnederlag på strin-girlsen
I år som i fjor måtte blåtrøyene sjå seg slått av resten av skijentene. Ein halvtime ut i fyrste ekstraomgang sette Guro ballen i nettmaskene med eit velplassert langskot. Ho sikra såleis sigeren for dei kvitkledde i den spanande og til tider nokså velspelte fotaballkampen.
Limerick

Då var det klart for neste limerick i limerickserien om skienglane - denne gongen tek eg føre meg - Ragnhild...
Frå Toten kjem Ragnhild Skjærli
er lærar og stasar på ski
grei, blid og gla'
men også litt sta
ho snakkar frå hjarte - er ærlig
Fotballsesong og eksamenskjør

Då var det på høg tid med ei lita oppdatering frå englane. Me er no inne i ein såkalla mellomsesong og lite har såleis skjedd i langrennsløypa i det siste. Sidan førre oppdatering har me nytt påskesola, toppturar, før i alle fall nokon av oss innsåg at eksamen nærma seg og at lesesalen dermed ikkje er ein så reint dum plass å opphalda seg.
Strindheim på si side ligg likevel ikkje på latsida og førre mandag gjekk startskotet for ein ny sesong med møte i strindheimbua og treningar på onsdagar. Her er det berre å møta opp, programmet finn ein på strindheimsida. Elles er englane godt i gong med førebuingane til 16.mai-kampen og satsar hardt på å revansjera det sure tapet frå i fjor!
Så litt aktivitet er det sjølv om det framleis er litt mellomsesong, men ved høve mellomsesong og reduserte mengder å skriva om på ei slik langrennsside, prøvar eg meg på ein limeric serie, den fyrste handlar om Lena - den vert publisert i dag - den neste handlar kanskje om deg...eller meg - så følg med, følg med... 
Ei som har fått det er Lena
no kan ho ikkje interval trena
men ho får meir tid
ut i det fri
og for pengar til giftarmål tena
Dobbelt SkiAngels til sommaren
Det har lenge vore kjent at Lena skal gifta seg til sommaren, no har Gunn funne ut ho vil vera med på festen – så då slår dei like gjerne til med dobbeltbryllup! Då dei to jentene kjem frå Fauske og Lensvika møtes dei på halvvegen og held det heile i Mosjøen laurdag 8. August – altså ei veke etter planlagt då Gunn vil ha med seg Storåsfestivalen som er årets høgdepunkt for ho og hennar kjære Kristian. Då er det berre å ønskja dei gifteklare til lukke med førebuingane ;)
PS! Og til dykk som var i tvil - dette var sjølvsagt berre ein aprilspøk...
<< Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 Neste >>






