KM sprint

Marte knuste all motstand i KM-finalen og kapra dermed sitt fyrste(?) KM gull på Jervskogen i går. Kjersti tok sølvet, medan Ingrid Ur tok den siste pallplassen etter ein prolog det lukta svidd av. Kanskje storformen er på veg for dei to jentene som fyrste helga i februar set kursen mot Riga og skandinavisk cup.
Resultata frå KM finn du her
Marte klar for nye representasjonsoppgåver

Laget til nordisk i ski-o er tatt ut og SkiAngels sin eigen Marte Reenaas er blant dei som skal forsvara dei norske fargane i dei svenske skogar. Tevlinga går føre seg i tettstaden Orsa i Dalarna i Sverige i tidsrommet 25.januar-1.februar.
-Målet mitt i nordisk er fyrst og fremst å finna flyten o-teknisk fram
mot VM i japan i mars, samt å komma heim med ein medalje, seier Marte som med nc i Granåsen og NM på Gjøvik, har hatt mykje fokus på langrenn den siste tida.
Uttaket ligger her
NM-stafett

Ingrid Ur, Ragnhild og Marte, som utgjorde fyrstelaget til Strindheim, tok i dag 11.plassen i NM-stafetten. Dei plasserte seg dermed eit hakk høgare opp på lista enn i fjor. Ingrid hang lenge med teten på 1.etappe, men måtte etter kvart gje frå seg eit drøyt minutt og veksla som 18. beste kvinne. Ragnhild gjekk laget opp til 12.plass på sin andreetappe, medan Marte måtte sjå seg slått av Kristin Steira i spurten om 10.plassen, etter ein solid ankeretappe. Marte hadde 7.beste etappetid og var med det drøye 50 sek langsommare enn formsterke Astrid Jacobsen.
Andrelaget med Kjersti, Christine og junioren Marit Ulsund kjempa litt lenger bak i leksa. Dei kryssa til slutt mållinja som 26.beste lag.
Resultata finn du her
Nok ein NM-dag

Som einaste ski engel på start gjekk Ragnhild seg inn til ein habil 28.plass på fellesstarten med skibytte i dag. Ragnhild gjorde imidlertid sine saker bra på skibyttinga, der ho var ho delte 11. beste tid med Astrid Øyre Slind. Ho var med det nesten sekundet raskare enn ein løpar som Marit Bjørgen - imponerande! Lærarinna som er busett på Gjøvik såg likevel lite til sambygding Østberg som på ein imponerande måte for alvor gjekk seg inn i VM diskusjonen med sigeren i dag.
Resultat her
Mmmmarte...!!
På NM-sprinten i dag gjekk Marte inn til ei oppskriftsmessig god plassering då ho kryssa mållinja som 8. beste kvinne. Ho stadfestar dermed posisjonen sin som ein av dei aller beste skøytesprintarane utan wc-start denne sesongen. Ein litt dårleg start i b-finalen gjorde at det fort vart nokre meter fram til suverene Ella Gjømle. Litt betre akselerasjon på startflata no så skal nok jenta som nyt sine siste dagar i 20-åra bli ei lei nøtt ja...!
Dei andre ski-englane på startstreken, Kjersti og Ingrid Ur, gjekk etter mi uoffesielle berekning inn til 18. og 22.plass til slutt.
<< Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 Neste >>






