Nøgde skienglar returnerte frå Røros
Med ein niandeplass kunne Kjersti og Gunn seia seg godt nøgde med innsatsen i team-sprinten fredag - dei hadde innfridd forventningane til sportsleg leiar Ole om å komma inn blandt dei ti beste.
Laurdagen stod 3-mila på programmet, det mannsterke mannskapet som var meldt på førehand, vart ikkje så mannsterke likevel når det kom til stykket. På start sto kun tre englar, Kjersti, Ingrid Lor og Christine. Kjersti gjekk eit sterkt løp i Rørosgatene og stadfesta posisjonen sin som "midt i NM" og plasserte seg på ein fin fin 24.plass av dei 45 som fullførte. Lorvik haldt også ein jamn tralt i sesongens siste kraftprøve og gjekk inn til ein habil 35.plass, etter å ha mista ein del plassar siste runden. Christine som etter å ha vist gryande form den siste tida av mange var tippa best av englane, var ikkje heilt godvener korkje med bakkane eller føret på Røros og måtte ta til takke med 42.plassen, heile 5 min bak Lorvik. Etter heimesnekra mat og drikke, samt bankett og disko kunne likevel alle tre, blide og nøgde, søndag venda nasen mot Trondheim og starta restitusjonen mot mandagens styrketreningsøkt.
Resultat frå NM finns på arrangørane si heimeside 






