Veker har blitt til månader og månader til år, sidan dei fyrste tankane om denne nettsida kom i emning – og no er det vår. Ved dette høve har me funne det passande å ha eit åpningsintervju med ein løpar som, denne sesongen, har hatt ein ny vår. Gladjenta, Ingri Aunet Tyldum, skriv seg såleis inn i historia til www.SkiAngels.net som det fyrste objektet for eit engle-intervju.

I vinden: Ingri Aunet Tyldum – vinnar av noregscupen

(Navn: Ingri Aunet Tyldum)
Fødd: 11.10.1983
Høgde: 165cm
Hobbyar: Reise fra A til Å ved hjelp av fysisk aktivitet = lange tura, teste kroppslige grensa, gå på skattejakt, klatre, ta bilda, topptura, orientering, jakte fugl (men bare jakten, for det e så vondt når man tenke på at fuglen dør..snufs) og ikke minst: festlige lag med gode vænna
Favorittdistanse: 10 km klassisk
Meritter: 4 plass sprint NM, 6 plass duathlon NM, 11 W-cup poeng
Mål: Bli bedre, topp 10 W-cup
Utstyr: Ski: Fischer, Sko: Alpina
Motto: Prøv!
Forbilde: Alle som bare e snill å blid
Yndlingsplagg: Kinasko

Når du no har fått skisesongen litt på avstand, korleis vil du sjå tilbake? Høgdepunkt, nedtuar...

Opptur: Kom i den formen æ hadd håpa på, men ikke trudd på før sesongen. Nedtur: Fikk ikke vist det æ hadde inne

Kva har du gjort for å komma så sterkt denne sesongen?

Lytta t kroppen (nesten) kvar dag, dermed kom æ mæ SAKTE, men sikkert opp på fotan igjen ein gang i sommer å derfra har treninga hatt effekt.

Innsatsen i år har ført deg tilbake på impulslag i regi av skiforbundet, kva syns du om det tilbodet?

Det syns æ e bra, sånn at æ får testa nivået et par ganga før neste sesong. Imellomtida kan æ ha det gøy på TT!

Korleis starta karriera di som skiløpar? Kvifor haldt du fram i ungdomsåra? Nokon gong i tvil?

Starta m konkurransa i 10årsalderen, derfra gikk det litt for lett et tiår t det så absolutt ikke gjor det lenger. I fjor sommer va det veldig nært at æ la skia på hylla, men da va det å første gangen æ tenkt tanken på å slutt. Ting kan sje fort når æ får diverse innfall..

Som fjerde års senior og noregscup vinnar av året har du sikkert ski å velgja i for kvart eit føre, kan du hugsa dei fyrste skia? Korleis var dei?

JA! Mine første ski som va litt ”seriøs” va et par kvite Fischerski pynta med diverse signalfarga. Ble brukt til både skøyting og klassisk t æ va 12 år. Da datt pappa på dæm under ein klistersmøreseanse, å dett var dett.

Er det spesielle personar som har vore viktige for utviklinga di i skiløypa? Kven?

Mine foreldre og mine søstre. Steinkjer vgs å TT.

Kva har team trøndelag betydd?

Uten Team Trøndelageran som e så snill å blid, å god på ski, så hadd æ nok vorri på Bali det halvåret her… Men Satan, det hadd jo vorri hæli!! Hælsikkes TT.

Har du nokon gong teke til tårene over resultat i eit skirenn? Fortel.

E generelt Sterkt imot tårar når dæm kjæm i skuffelse. Så ta dåkk sammen aill sippera der ute!! Kæm bryr sæ om dåkk hi ein dåli dag??!(ja da fikk æ sagt det)Men da det gikk opp for mæ at heile sesongen va spolert for to år sia må æ innrøm at det draup et par-tre på puta..
I glede derimot, mange ganga. Huske spesielt da æ vant mitt første Norgescuprenn under Jr:NM på Stryn. Da vart æ overfalt av ei gråtkvalt berte(som for øvrig no arbeide som suppe-sjef) å da vart det for my for ein skarve namdaling.

Kva tankar har du om vegen vidare?

Ska gi jernet t vinteren, men grei æ itj å få det varmt så e det vel kroken på døra.

Eg har i det siste notert meg at ein del langrennsløparar og skiløparar generelt har vore opptekne av å markera at dei ikkje er vanlege langrennsløparar, kvar vil du stilla deg i denne samanhengen?

Åj, litt vrient spørsmål. Trene vel normalt å leve ”normalt”, men skille meg kanskje litt ut på det at æ ikke e så vældig interressert i langrenn å sport generelt. E kun en sjølrealiseringssak for mæ ,som dæm så fint kalle det.

I denne samanhengen, kva gjer du på når du ikkje går på ski?

Det store aberet med å drive med d her e at man ikke får tid t så my meir, men er glad i sykkelturer å topptura, samt å ta sære bilda og gå på loppemarked. Dessuten e det arti dra t en ukjent plass å lat som man e nånn andre:) hahaha

Kjem du til å stilla på uhøgtidlege konkurransar i regi av SkiAngels?

Høyst sannsynlig.. Fins det høytidelige konkurransa??

Og til slutt, har du nokre tips til noko me bør ha med på nettsida www.SkiAngels.net?

Reisetips. La folk anbefale gode reiser og tura de selv har opplevd. Jeg har selv noen gode om forslaget faller i smak. Jungeltelegraf for artige konkurranser, randonè, ultraløp, triathlon, orientering, telemark+++

12 kjappe:
Talent eller treningsprodukt? – Talent
By eller land? – Land
Fjell eller strand? – Fjell
Yssen eller Valla? – Likegyldig t alle æ ikke kjenne personlig
Nrk eller tv2? – nrk
Kino eller DVD? – dvd
Heimekos eller restaurant? – restaurant
Buss eller bil? – bil
Kristin Halvorsen eller Siv Jensen? – sosialist
Konkurranse eller trening? – konkurranse
Kaffi eller te? – kaffe
Impulsiv eller planleggjar? – impulsiv planlegger

SkiAngels gratulerar Ingri med ein flott sesong og takkar for at ho ville la seg intervjua

For SkiAngels

Silje